lørdag 14. mars 2009

Google Earth og Google SketchUp

Forelesing: Digital Arena

Tankar om Google Earth
Google Earth er ikkje mindre enn eit fantastisk (-ikkje berre fordi det er gratis) verktøy kor ein kan 'reise' kor ein vil på jordkloda (ved å søke etter stadnavn); klikke deg rundt, zoome inn, og få høgoppløysande bileter fra heile verda. I den siste versjonen kan ein tilogmed sjå og legge inn 3D bileter (laga i Google SketchUp) og legge inn bileter (samen med tekst) kor på jorda dei er tekne, og dele med alle, eller berre ei valgd gruppe. I skulesamanheng ser eg på Google Earth særs relevant ift.
- å gi og dele informasjon og bileter med andre elevar frå eit anna land
- ein kan stadplassere bileter frå heimplassen sin og vise i klassa.
- ein kan bruke google earth som eit supplement til stadforsking o.l.
- Google earth vil egne seg godt til bruk for å bli kjend med verdensdelar og land.
Mogelegheitene er monge- og dei geografisk-digitale mogelegheitene er uendelige. Google Earth kan ta litt tid å bli kjend med, då det byr på so monge ting å utforske, men så trur eg også dette er noko av det som gjer dette programmet so spanande.


Det er ikkje noko problem å søke heilt ned i gatenavn heller!


Tankar om Google SketchUp
Er eit gratis og enkelt modelleringsprogram (3d!), kor ein til dømes kan lage forskjellige bygningar, landskap, møblar, ja, kva du måtte ønske omtrent. Ein kan til dømes lime sine 3D-hus/fjøs/hytte inn i Google Earth, akkurat der dei hører heime. Kanskje ditt eige hus?
På sist forelesing fekk vi dette med å lage huset vi bur i, i SketchUp, for so å plassere det i Google Earth, der det høyrer heime (noko som kan vere ei kjekk og lærerik oppgåve for elevar frå 6-7.klasse også!)
Eg trur ikkje eg fekk nok inspirasjon frå den oppgåveteksta (Sorry, Kjell), så eg endte med å lage eit hus i sånn stil eg liker, for so å plassere det der eg ønsker huset skal stå. Sistnevnte gjekk ikkje heilt. Eg fekk det inn i Google Earth ja, men fekk IKKJE flytta det dit eg ville. Sendte mail til Torbjørn om dette, og venter på svar, så skal eg ordne det med ein gong :) Da lagrar eg huset plassert på plassen sin, som ein .skp-fil, så alle som har Google Earth og SketchUp kan sjå huset på sin plass.

Her er første huset eg laga i SketchUp. Ikkje heilt ferdig enda, trur eg.

torsdag 12. mars 2009

Ein header til Nettavisa vår

Forelesing: Design og Avisproduksjon

Eg fekk i oppgåve å kome med forslag til header på nettavisa vår. Det har eg sjølvsagt ikkje noko i mot! Synes det er kjempespanande å designe. Og verktøyet vart Picnik.

Kriteria til header:
- Må passe til temaet på sida
- Må passe til fargane på sida
- Må passe til skrifttypane vi bruker på sida.
- Enkel
- Godt forteljande
- Størst mogeleg
- Fengjande

Ved avstemming oss på gruppa i mellom skal det bli bestemt kass vi skal bruke.

mandag 9. mars 2009

Garnes Nettavis har fått litt kjøtt på beina

(Trykk på biletet)

No er mine to artiklar publisert.
Eg har skrive ein Reportasje om Godøy skule, som er skule med utrulig mykje fokus på å integrere IKT i alle fag. Den andre artikkelen, ein Enquête (ein slags 5 på gata), handlar om unges avislesings-vanar. Under 'Om artiklane' kan du, ja, lese om artiklane mine, om sjangerane dei er i. Egentlig ganske detaljert det er følte for å skrive om der. Er mykje som ligg bak.. Meir enn ein tenker over i det ein les, eigentlig.
Ellers følger Garnes sin design og header også med inn i nettavisa mi. Sjølvsagt! Viktig viktig :)

torsdag 5. mars 2009

Filmpresentasjon i Picasa

Forelesing: Digital Arena 2

Har laga min første bildevisingsfilm med bileter frå nærområdet der eg bur på Vallabøen i Ørsta. Sjå filmen her.
Har også geotagga filmen, og dei andre bileta på Picasa'n min. Det er heilt klart meir spennande å kike på bileter om ein samstundes kan få sjå på kartet kor dei er tekne. Heile albumet ser du her.

Både barn og unge kan enkelt meistre å lage slik bildepresentasjon i Picasa. Det er monge mogelegheiter, og dei er ikkje vanskelig å finne ut av heller. I ein slik filmpresentasjon kan elevane til dømes:
- Presentere eit prosjekt, til dømes om ein plass, ein person, ein plantesort, eit land etc. Det er enkelt å legge til tekst til kvart bilete.
- Legge til musikk eller sin eigen tale til bildefilmen.
- Lage filmar frå heimplassen sin, tagge den, og dele med andre klasser i andre land. Og vice versa.
- Filmforteljing i Picasa kan enkelt bli eit supplement i oppgåver i alle fag i grunnskulen. Det gjeld berre å bruke fantasien!

onsdag 4. mars 2009

Felles design/layout på nettsidene mine

Forelesing: Design

Har endelig tatt til og gjort alvor av planane eg fekk etter forelesingane i Design. Har prøvd å få meg ein sånn der visuell identitet som Jeanette Persson snakka om i Design1. Har lurt litt på korleis eg skal lage ei felles utforming/design for dei no 3 nettstadane eg opererer på : Blogspot, Google Site og WordPress.

Den raude tråden mellom sidene mine er den gråtona layout'en, den minimalistiske designen og det felles bildet og skrifta på headeren (som forøvrig- på ein nok så abstrakt måte, er avbilda ansiktet mitt, noko eg følte var viktig, for å setje min identitet og preg over det heile, både ved mitt ansikt, og min smak)

Det er ikkje tvil om at disse sidene høyrer til meg, og høyrer på ein måte saman. Føler eg har oppnådd det eg ville med å lage eit enkelt, fengjande og personlig uttrykk, samstundes som det skal være sider som er enkle å manøvrere seg at og fram på for kven som helst.

tirsdag 3. mars 2009

Bridge construction set- Eit spel OG eit tankeverktøy

Forelesing: Tankeverktøy 2

I dette spelet skal ein byggje bruer over elvar o.l. Vi får (desverre?) berre ein viss sum å byggje for, og vi ser heile tida kor mye penger vi bruker. Ein kan lage ganske komplekse konstruksjonar. Eg har prøvd ut dette spelet aleine, då eg ikkje rakk siste delen av forelesinga den dagen på skulen. Eg ser føre meg at dette spelet er kjekkast om ein jobber i grupper, 2 eller fleire i lag. Då diskuterer ein seg saman fram til dei beste løysingane SAMAN, ved argumentasjon og råd frå kvarandre. Eg må innrømme eg sleit litt til å byrje med, korleis eg fekk bruke dei forskjellige byggeverktøya f.eks. Gjekk bra på nivå 1 og 2, men nivå 3 har eg ikkje prøvd enda. Det er perfekt for å hjelpe studentar i å jobbe meir praktisk om dei for eksempel lærer om bruer, eller andre typer konstruksjonar. Her får ein kritisk svar på om deira konstruksjonar er godt nok bygd- for om dei ikkje er, så dett dei rett sammen.

mandag 2. mars 2009

Utforming av Nettavisa

Eit fint, fengande og relevant design må man ha.

Headeren på Nettavisa

Byrja med å reflektere og eksperimentere litt rundt korleis headeren på nettstaden min skal sjå ut. Har brukt Picnik til dette, og berre eigne bileter.


Naturbilete i logoen. Stram og firkanta skrift, eller meir avslappa handskrift-aktig skrift?







Personlig logo; av mitt eige ansikt. Litt abstrakt, passar atmed monge skrifttypar. Forhaldsvis nøytral og enkel logo. Eit kjennemerke.















Einsfarga bakgrunn. Skrift passer fint å bli plassert både øvst, midt i og nederst. Monge mogelegheiter med både skrift og farge. Dette er også eit eksempel på korleis eg vurderer å 'lenke saman' alle nettsidene vi opererer på også.





Eg synes jo at headeren skal være både fengjande, tydelig og relevant enten til meg eller det nettavisa handlar om (eller være heilt nøytral som den i blå bakgrunn), men har enda ikkje bestemt meg for om det vert den abstrakte med ansiktet mitt i, eller den enkle einsfarga.
Etter designforelesingane, så har eg jo ønskt å ha ei viss lenke mellom nettstadane mine i DKL- mitt kjenneteikn, min design på ein måte. Éin måte å løyse dette på er jo å ha ein felles logo/layout for alle sidene (Google nettstad, Bloggen og Nettavisa).


Eksperimentering med kva ein kan ha med i innlegga på WordPress

Her ser du mitt første innlegg, som var ei eksperimentering med bileter, video, lyd etc. ein kan legge i innlegga. Sidemargen er også tilpassa mitt 'forbruk' (Skal legge til RSS'ar frå andre i klassa som har WordPress også etterkvart).

Trur nok eg kanskje havner på denne headeren.

Trykk på biletet for å sjå sida og eksperimenteringsinnlegget.

Nettavis på WordPress

Oppgave: Opprette privat nettavis i Wordpress
Leksjon: Avisproduksjon
Har nettopp fått meg ei side på Wordpress.com: http://www.garnesdkl.wordpress.com/
Snart vert det nettavis!

torsdag 19. februar 2009

Generasjon.com: Utviklinga til tv'n, data'n og mob'en

Forelesing: Digital arena

I Generasjon.com har Tønnessen fulgt en generasjon mediebrukarar frå barnehagealder i 1993 til dei avslutta grunnskulen i 2005. Dei som har vekse opp etter 2000, har opplevd ein heil medierevolusjon bare i si levetid, seier Tønnesen (2007). Media har blitt ein særs kvardagslig ting. Dei unge som Tønnesen kallar ”Sesam Stasjon-generasjonen” (dei som var småungar i 1993) representerer den første generasjonen i Noreg som har vekse opp med eit kommersielt fleirkanaltilbud i fjernsynet. Samstundes har datamaskiner og internett skytt fart i løpet av deira barndom. Begrepet ”nye medier” har vore i bruk sidan den digitale revolusjonen tok tilpå 90-tallet, men kva som er nytt, er jo relativt, for eksempel ift. ens alder, og når det og det nye mediet kom. Kven tek først i bruk dei nye mediane? Og korleis påvirkar akkurat dette den og den mediens posisjon i medielandskapet? 1993-> genrasjonen har først og fremst opplevd endringar med fjernsyn,datamaskin og mobiltelefon (Tønnessen 2007). Disse var ferske mediabrukarar idet dei var i førskulen. I dette innlegget ønskjer eg (ut i frå Tønnessens teoriar) å fortelje meir om utviklinga til fjernsynet, datamaskina og mobilen, fordi vi i 1993-generasjonen har vore med på utviklinga av alle disse. Eg har vore med på denne utviklinga.

Utviklinga til tv'n, data'n og mob'en

Fjernsyn
1993-generasjonenopplevde overgongen frå sokalla monopolfjernsyn (Nrk hadde monopol både på radioog fjernsyn framtil 1980-talet) til et fleirkanalsystem med kommersielt fjernsyn(til dømes da TvNorge kom i 1987 og Tv2 kom i 1992), noko som leda til atfjernsynet tok ei heilt ny form og fekk eit breiare innhald. Ved hjelp avsatelittoverføringar, kabel og parabol kunne ein etterkvart på 1980-talet ta innsvært mange utenlandske fjernsynskanalar også. Gjennom opptak på kassett ellerdisk, eller nedlasting frå internett, kan ein no til dags sjølv bestemme sintv-kveld utan å måtte gå etter tv-stasjonane sine sendeskjema. Mest populært erno er nok dei 2 sist nevnde; dvd-opptak eller nedlasting frå nett. Enklare hardet vorte å sjå det ein vil, når ein vil, sidan dei fleste husholdningar harmeir enn eitt tv-apparat. Alt dette gir større valmogelegheiter for både voksne og unge enn det har vore nokon gong før.

Datamaskina
Da ein vart introdusert for datamaskina på 1980-talet var den eiavansert skrivemaskin, mens i løpet av 1990-talet fekk den fleirebruksmogelegheiter, og 'vart til' for fleire (typer) mennesker (i fleireforskjellige aldrar). Etter årtusenskiftet har datamaskina vorte stadig meirutvikla, og det har gitt stadig fleire mogelegheiter og funksjonar, og tilgongentil internett har utvikla seg veldig. Det var barnefamiliane (helst dei med ungefrå 13-15 år) som var først ute på nett. Dette har åpna opp for ei heilt nyverd;- speling på nett- laste ned film og seriar på nett- radio pånett (her også har utviklinga vorte som med tv- ein kan få høyre detradioinnslaget- ein vil, når ein vil, t.d. på nettsidene til NRK)- lagre og formidlebileter og videoar på nett- laste ned musikk frå nett- kommunisere med kjente ogukjente gjennom både chat og møteplassar på nett.Det var ofte ’faren ihuset’ som var først ute med tanken på datamaskin og slikt i det det var nytt,men det har no utvikla seg til at fleire og fleire (litt eldre) unge kjøper sineeigne bærbare pc’ar.

Mobilen
Bruken av mobiltelefongjekk ’rett heim’ med ungdomen, og ungdomen er no gjerne dei som er fyrst utemed ’det beste’, og det gir status å ’halde seg oppdatert’. Tønnessen seier atdagens mobiltelefonar fungerer som små potente datamaskiner som kan koples tilinternett, fungere som fotoapparat og produsere og overføre tekst i fleremodaliteter; særlig skrift, lyd og bilete (Tønnessen 2007:29) Dei unge har medseg mobilen over alt, og er brukt helst til speling, internett, bildetaking,kommunikasjon med vennar, og musikkavspeling. Mobilen har på ein måte vorte einalt-i-eitt-dings.

Konklusjon
- eller noko i den dur kjem snart.

Kjelde
Tønnesen, E. S. (2007).Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo,Universitetstforlaget.

onsdag 18. februar 2009

I startgropa med M2 102

Siste veka har vi i gruppa hatt 2 møter der vi har diskutert kor vi kan tenkje oss å dra i land M2- Verktøy for arbeid med sammensatte tekster.
Vi har komt fram til tema og undertema, korleis vi ser føre oss gangen i prosjektet, årstrinn, gruppeinndeling, verktøy, innlevering, samarbeid mellom elevane osv. Vi har egentlig komt fram til det meste no. Etter sist møte (i går) vart vi einige i å summe nokre dagar på kva topic'ar vi bør ha med i oppgåva, deira rekkefølge osv (dette så det skal bli mykje enklare med samskrivinga, då vi har tenkt å samskrive oppgåva i google docs), for så å møtes neste veke å bli einige i gangen i oppgåva (i mellomtida diskuterer vi og legger ut relevante kjelder o.l. i google docs).