lørdag 14. mars 2009

Google Earth og Google SketchUp

Forelesing: Digital Arena

Tankar om Google Earth
Google Earth er ikkje mindre enn eit fantastisk (-ikkje berre fordi det er gratis) verktøy kor ein kan 'reise' kor ein vil på jordkloda (ved å søke etter stadnavn); klikke deg rundt, zoome inn, og få høgoppløysande bileter fra heile verda. I den siste versjonen kan ein tilogmed sjå og legge inn 3D bileter (laga i Google SketchUp) og legge inn bileter (samen med tekst) kor på jorda dei er tekne, og dele med alle, eller berre ei valgd gruppe. I skulesamanheng ser eg på Google Earth særs relevant ift.
- å gi og dele informasjon og bileter med andre elevar frå eit anna land
- ein kan stadplassere bileter frå heimplassen sin og vise i klassa.
- ein kan bruke google earth som eit supplement til stadforsking o.l.
- Google earth vil egne seg godt til bruk for å bli kjend med verdensdelar og land.
Mogelegheitene er monge- og dei geografisk-digitale mogelegheitene er uendelige. Google Earth kan ta litt tid å bli kjend med, då det byr på so monge ting å utforske, men så trur eg også dette er noko av det som gjer dette programmet so spanande.


Det er ikkje noko problem å søke heilt ned i gatenavn heller!


Tankar om Google SketchUp
Er eit gratis og enkelt modelleringsprogram (3d!), kor ein til dømes kan lage forskjellige bygningar, landskap, møblar, ja, kva du måtte ønske omtrent. Ein kan til dømes lime sine 3D-hus/fjøs/hytte inn i Google Earth, akkurat der dei hører heime. Kanskje ditt eige hus?
På sist forelesing fekk vi dette med å lage huset vi bur i, i SketchUp, for so å plassere det i Google Earth, der det høyrer heime (noko som kan vere ei kjekk og lærerik oppgåve for elevar frå 6-7.klasse også!)
Eg trur ikkje eg fekk nok inspirasjon frå den oppgåveteksta (Sorry, Kjell), så eg endte med å lage eit hus i sånn stil eg liker, for so å plassere det der eg ønsker huset skal stå. Sistnevnte gjekk ikkje heilt. Eg fekk det inn i Google Earth ja, men fekk IKKJE flytta det dit eg ville. Sendte mail til Torbjørn om dette, og venter på svar, så skal eg ordne det med ein gong :) Da lagrar eg huset plassert på plassen sin, som ein .skp-fil, så alle som har Google Earth og SketchUp kan sjå huset på sin plass.

Her er første huset eg laga i SketchUp. Ikkje heilt ferdig enda, trur eg.

2 kommentarer:

  1. Hei Helene!

    Hvor i Ørsta har du plassert huset ditt? Jeg finner ikke tagging.

    Nerissa

    SvarSlett
  2. Det er det eg ikkje har fått til enda.

    SvarSlett