Viser innlegg med etiketten 104. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 104. Vis alle innlegg

tirsdag 28. april 2009

Eksamen 104: Nettavis

Hvordan produsere ei aktuell nettavis som kan gjere lærarar meir bevisst på barn og unge sine digitale vanar?

Da er vi i gong med det endelige som skal inn til eksamen, nemlig ei vidareutvikling av nettavis, som vi laga i A2. Denne gongen er vi meir bevisst på kven vi vil nå, om med kva, og deretter vert innhaldet i avisa meir 'stabilt' og aktuelt enn forige avis, vil eg tru. Eg har blant anna laga ein enquete ein gong til, berre at denne gongen er den meir aktuell til avisa sitt innhald, og ellers har eg med bileter av dei intervjua + meir detaljerte svar. Altså ei klar forbetring frå forige enquete eg laga. Eg prøver meg også på sjangeren Anmeldelse. Dei andre på gruppa verkar også til å ha gode og relevante idear for artikar, så dette lovar bra. Vi prøver å vise og ha med så monge forskjellige avissjangerar som mogeleg. Ellers er det ymse løysingar og slikt som også vert forbetra, og litt anna nytt og spennande skal kome inn;)

mandag 20. april 2009

A3 i boks

Forelesing: A3 Videoproduksjon

Her ser du videoen til gruppe 2.
Vi på gruppe 2 spurte om vi kunne få gjere denne oppgåva i lag, sånn at eg og Marita (med magar, og no med babyar) skulle værte sikra at vi skulle få gjort denne oppgåva, så vi fekk ta eksamen. Vi har atter en gong jobba godt i lag, og er no i havn med alle arbeidskrava.
Denne gongen har vi laga film, der vi tok utgangspunkt i oppgåveteksta's filmalternativ 1:
Person A møter Person B. A ønsker å gi en gjenstand til B, som enten B avslår eller tar i mot. B ombestemmer seg, og gir enten gjenstanden tilbake eller tar den imot. Eleven føler seg utilpass på skulen, grunna ein lærar som held lite motiverande undervising, og i tillegg er krass og sint. Læraren prøver å gi eleven det læraren sjølv trur er god undervising. Eleven klarer ikkje få utbytte av denne undervisinga, sidan både undervisinga og læraren er lite motiverande. Dette vert ekstra godt framheva i filmen, i det læraren (A) gir eleven (B) eksamensoppgåva, eleven tek i mot og prøver så vidt å løyse oppgåvene, men ser fort at han får det ikkje til, og hiv frå seg papira. Utfallet blir at eleven får ikkje til å lære, og stryk på eksamen.

fredag 20. mars 2009

Videoproduksjon

Forelesing: Videoproduksjon

I går og i dag har vi jobba med videoproduksjon saman med Carl og Fride. Eg hadde desverre ikkje anledning å bli med på heile forelesinga i går, men vart godt motteke av Elena og René da eg var tilbake på forelesinga i dag. Dei hadde laga eit spanande manus, som vi bygde vidare på da vi kom ut i 'feltet' og starta filme. Hovudpoenget i manuset deira vart vel med heile vegen, det var vel heller kameravinklar og andre uttrykk som først kom til fantasien i det vi heldt på med filminga. Det var veldig lærerrikt å prøve det ein berre har lest om i forelesingane, og eg lærte ein del av Elena som kunne det med kamera frå forelesinga torsdag. Redigeringa var veldig spanande den også- og det er jo fantastisk kor bra det kan bli bare med små, kritiske klipp og sånt her og der.
Til slutt såg vi på dei 3 gruppene sine filmar. Det var veldig lærerrikt den gjennomgongen vi hadde med vår refleksjon og lærarens syn på filmane. Skulle gjerne hatt meir tid til dette da, det hadde gjort seg.

Filmen vår- Graset er alltid grønare på andre sida.
Laga av Elena, René og Helene.

lørdag 14. mars 2009

Lok2 Nettavisen har fått kjøtt på beina!

Trykk på biletet for å kome til Nettavisa
Vi er stolte over å kunne presantere vår ultrakule og DKL-aktuelle nettavis til dykk alle!
Her har vi mange timar bak oss, både med å skrive artiklar innan avis-sjangrar, designe/oppsette nettsida og ellers generelt reklamere for kor IT-smarte vi blir på DKL! ^^,

torsdag 12. mars 2009

Ein header til Nettavisa vår

Forelesing: Design og Avisproduksjon

Eg fekk i oppgåve å kome med forslag til header på nettavisa vår. Det har eg sjølvsagt ikkje noko i mot! Synes det er kjempespanande å designe. Og verktøyet vart Picnik.

Kriteria til header:
- Må passe til temaet på sida
- Må passe til fargane på sida
- Må passe til skrifttypane vi bruker på sida.
- Enkel
- Godt forteljande
- Størst mogeleg
- Fengjande

Ved avstemming oss på gruppa i mellom skal det bli bestemt kass vi skal bruke.

mandag 9. mars 2009

Garnes Nettavis har fått litt kjøtt på beina

(Trykk på biletet)

No er mine to artiklar publisert.
Eg har skrive ein Reportasje om Godøy skule, som er skule med utrulig mykje fokus på å integrere IKT i alle fag. Den andre artikkelen, ein Enquête (ein slags 5 på gata), handlar om unges avislesings-vanar. Under 'Om artiklane' kan du, ja, lese om artiklane mine, om sjangerane dei er i. Egentlig ganske detaljert det er følte for å skrive om der. Er mykje som ligg bak.. Meir enn ein tenker over i det ein les, eigentlig.
Ellers følger Garnes sin design og header også med inn i nettavisa mi. Sjølvsagt! Viktig viktig :)

onsdag 4. mars 2009

Felles design/layout på nettsidene mine

Forelesing: Design

Har endelig tatt til og gjort alvor av planane eg fekk etter forelesingane i Design. Har prøvd å få meg ein sånn der visuell identitet som Jeanette Persson snakka om i Design1. Har lurt litt på korleis eg skal lage ei felles utforming/design for dei no 3 nettstadane eg opererer på : Blogspot, Google Site og WordPress.

Den raude tråden mellom sidene mine er den gråtona layout'en, den minimalistiske designen og det felles bildet og skrifta på headeren (som forøvrig- på ein nok så abstrakt måte, er avbilda ansiktet mitt, noko eg følte var viktig, for å setje min identitet og preg over det heile, både ved mitt ansikt, og min smak)

Det er ikkje tvil om at disse sidene høyrer til meg, og høyrer på ein måte saman. Føler eg har oppnådd det eg ville med å lage eit enkelt, fengjande og personlig uttrykk, samstundes som det skal være sider som er enkle å manøvrere seg at og fram på for kven som helst.

mandag 2. mars 2009

Utforming av Nettavisa

Eit fint, fengande og relevant design må man ha.

Headeren på Nettavisa

Byrja med å reflektere og eksperimentere litt rundt korleis headeren på nettstaden min skal sjå ut. Har brukt Picnik til dette, og berre eigne bileter.


Naturbilete i logoen. Stram og firkanta skrift, eller meir avslappa handskrift-aktig skrift?







Personlig logo; av mitt eige ansikt. Litt abstrakt, passar atmed monge skrifttypar. Forhaldsvis nøytral og enkel logo. Eit kjennemerke.















Einsfarga bakgrunn. Skrift passer fint å bli plassert både øvst, midt i og nederst. Monge mogelegheiter med både skrift og farge. Dette er også eit eksempel på korleis eg vurderer å 'lenke saman' alle nettsidene vi opererer på også.





Eg synes jo at headeren skal være både fengjande, tydelig og relevant enten til meg eller det nettavisa handlar om (eller være heilt nøytral som den i blå bakgrunn), men har enda ikkje bestemt meg for om det vert den abstrakte med ansiktet mitt i, eller den enkle einsfarga.
Etter designforelesingane, så har eg jo ønskt å ha ei viss lenke mellom nettstadane mine i DKL- mitt kjenneteikn, min design på ein måte. Éin måte å løyse dette på er jo å ha ein felles logo/layout for alle sidene (Google nettstad, Bloggen og Nettavisa).


Eksperimentering med kva ein kan ha med i innlegga på WordPress

Her ser du mitt første innlegg, som var ei eksperimentering med bileter, video, lyd etc. ein kan legge i innlegga. Sidemargen er også tilpassa mitt 'forbruk' (Skal legge til RSS'ar frå andre i klassa som har WordPress også etterkvart).

Trur nok eg kanskje havner på denne headeren.

Trykk på biletet for å sjå sida og eksperimenteringsinnlegget.

Nettavis på WordPress

Oppgave: Opprette privat nettavis i Wordpress
Leksjon: Avisproduksjon
Har nettopp fått meg ei side på Wordpress.com: http://www.garnesdkl.wordpress.com/
Snart vert det nettavis!

mandag 16. februar 2009

Ferdig med A1 104

Forelesing: Lydproduksjon

Etter 2 intense vekers jobbing med Arbeidskrav 1- Podcast er vi no komt i havn og vi er nøgde alle mann, trur eg.

Korleis vi har arbeidd: Vi har diskutert og kommentert mykje både i google dokument og på skype'rn. Vi har kvar våre gongar skrive logg for kvart skypemøte; kva har skjedd og kva skal skje på neste møte, evt. kva tid neste møte er også. Dette, og det at vi har hatt ein eige tabell for å skrive opp kva tid vi kan møtast den og den dagen- har vore ein super måte å arbeide rundt.
Og har man ikkje vore tilstades på skypemøtet, så les ein i loggen kva som blei sagt og gjort, og kva som evt. skulle gjerast til den og den dagen. Og alle var sjølvsagt flinke å gjere det dei skulle;)

Arbeidsoppgåvene har vi prøvd å fordelt så javnt som mogeleg, men visse ting innan sjølve redigering og samansetjing av podcasten måtte vi nok sjå ikkje var so lett å jobbe med 'alle samtidig', så det ordna vi med at eit par-tre stykket tok hovudansvar for dette, og lytta på råd og meiningar undervegs frå dei andre på gruppa.
Eg trur nok kanskje ting kunne latt seg gjort betre både lydmessig (alle same lyd/kvalitet på stemma) og litt samarbeidsmessig (site i lag FYSISK og fikle i Audacity) hadde vi hatt mogelegheita til å møtast, men så er det ikkje så lett når Kristin bur timesvis unna heller, men synes vi har gjort det beste vi kunne ut av Skyper'n egentlig.

fredag 6. februar 2009

Jobbing med arbeidskrav 1

Tilhøyrande forelesing: Lydproduksjon

Siste 5 dagane no har vi i gruppa begynt for alvor å jobbe med podcasten som er første arbeidskrav i 104. Vi diskuterer og skriv ned idear og forslag i eit planleggingsdokument på google docs, og avtaler møter på Skype så ofte som råd og diskuterer vidare der. Vi har desverre ikkje vore alle på Skype-samtale samtidig til no, har nok eigentlig vore berre 3 stk som har møtt opp kvar gong..Eg håper dette vil ordne seg raskt.

Siste par dagane har vi i alle fall komt oss sopass longt avgårde, at vegen fram til innspelinga av podcasten ikkje er så lang lengre! Veldig spennande oppgåve, og vi er full i idear og ønsker for korleis vi skal gjennomføre dette.


Pamela er god å ha!

søndag 1. februar 2009

Solikki Vettenranta: Mot mediedysleksiens tidsalder?

Forelesing: Medieproduksjon

Igjen har vi fått i oppgåve å kommentere artiklar frå pensum. Vi kunne velgje om vi ville kommentere ente "Krever medieutviklingen en ny dannelsestenking?" av Svein Østerud eller "Mot mediedysleksiens tidsalder?" av Solikki Vettenranta. Begge frå pensumboka . Eg vart litt småfascinert over alle tankane og teoriane Solikki hadde satt seg opp om den såkalla mediedysleksien, derfor valgde eg å skrive litt om dette, og avrunde med mine tankar og teoriar rundt hennar tankar og teoriar...
____________________________________________

De unge, som må skape sin identitet i krysspresset mellom den stadig endrede mediekulturen og den galopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar (Vettenranta, 2007:13)

Kva eg beit meg mest merke til i dette kapittelet:
- Solikki Vettenranta meiner at "Mediekulturen har elementer som skolekulturen mangler: underholdning, mulighet for tankeflukt og drømmer, anledning til å glemme hverdagen" (Vettenranta 2007: 28).

- Ho stiller spørsmål til om den stadige endringa er bra for elevane og deira læring, og ho seier at det det er særs viktig at ein passar på å oppretthalde personlig kontakt mellom lærarane og elevane.

- Ho set også spm. til om det empatiske spranget blir for stort, og om vår empati og "vårt medmenneskelige ansvar holder følge med de veldige avstandene mediene bygger bro mellom" (Vettenranta 2007:14); Men samstundes ser Vettenranta det positive med all media rundt dei unge, f.eks. via fjernsynsnyhenda; at dei bidreg til å dane eit (realistisk) bakteppe for forståelsen deira av seg sjølv ift. til andre, og deira identitetsoppfattelse og erkjennelse av landet dei bur i ift. resten av verda. Vettenranta har nemlig undersøkt dette, go fekk fortellingar frå ungdomar i alderen 14-19 år korleis dei opplever dramatiske krise- og katastrofenyhender i fjernsynet. Ungdomane viste klar sosial samvittigheit og empati.

- Ein bør ha etisk-moralske ferdigheiter i fokus no som unge i stadig større grad henter livsinnhald fra mediert underholdning, og for å forstå forholdet mellom menneske og teknologi, må en forstå menneske og teknologi frå eit ikkje-teknologisk perspektiv; nemlig meir filosofisk.- Ho seier at eit viktig pedagogisk prosjekt er å lære dei unge til kva som er god mediabruk; korleis det ikkje skal få negativ innvirkning på dei.

- Vettenranta avrunder kapittel 1 med å seie at "for å unngå "mediedyslektiske" unge bør mediepedagogikken halde seg nærare den radikale pedagogikken som søker å forbedre individets muligheter til et likeverdig liv gjennom samfunnsmeddig deltakelse og endring". (Vettenranta 2007:31)


Vettenranta ser lys over det som er eit stort tema i verda vi lev i i dag; nemlig ungdomen i medieverdenen. Ho set også ord på det monge av oss kan lure på; korleis ein skal jobbe med det som blir pedagogikken i og rundt mediane; kunnskapen, haldningar, bruksområder, verdiar mm. Kva er fordelar? Kva blir ulemper? Vettenranta har stilt monge spørsmål til dette, men også danna seg svar på monge av dei, blant anna ved å lage undersøkelse innan eit aktuelt område.

fredag 30. januar 2009

Podcasting

Forelesing: Lydproduksjon

Etterfulgt av forelesinga om Radio og medieproduksjon i skulen, har vi i dag arbeidd med podcasting, og korleis legge dei ut på google-nettsida, for så å lenke til dei her i bloggen, og til slutt kunne lagre og åpne denne lydfila i Itunes (bli podcast).

Slik skal det bli mogeleg:
1) Spele inn ei lydfil
2) Evt. redigere lydfila i Audacity
3) Lagre lydfila som Mp3
4) Laste opp denne fila til filarkivet på google-nettsida. (For å få filarkiv gå på Opprett ny side-> filarkiv. Det er nemlig berre her det går an å laste opp lydfiler.)
5) Høgreklikk på lydfila og gå til 'Egenskaper'. Kopier adressa som kjem opp her og legg koblinga i bloggen. No skal du kopiere Feed-adressa til dette innlegget og legge til i FeedBurner.
6) Kopier den nye adressa du da får og lim inn i Itunes ('Avansert' -> 'Abonner på ny podcast).
Eg har enda ikkje gjort dette, då det ikkje ville gå på maskina eg hadde på skulen, men no skal eg laste ned Itunes til Pc'n min her heime så det blir orden på dette.
7) Google nettsida må være åpen for heile verda for at Itunes skal ta lydfila.

Her kan du høyre gruppe 2 si fantastiske lydfortelling (midlertidig berre lagt ut på google-nettsida).

Podcast-testing

Forelesing: Lydproduksjon

Her tester eg om linken til der podcasten er lagt ut (på google-nettsida) funkar; at ein kjem rett inn på innspelinga av denne flotte talen!
(Trykk på overskrifta for å kome til avspelinga.)

torsdag 29. januar 2009

Medieproduksjon

Forelesing: Medieproduksjon

I dag har vi hatt ei spennande og kjekk forelesing med Torbjørn Frantsen om radio og korleis ein kan nytte dette i forskjellige sjangrar (lydfortellingar, fiksjonsfortelling, aktualitetsfortellingar) i skulen. Vi diskuterte blant anna kva som kjenneteikner eit godt radioprogram. Nokre av dei tinga eg synes gjer eit radioprogram til eit godt radioprogram er:
- Det programmet som klarar å formidle stemning på ein slik måte at lyttaren sjølv lager bilda i tankane sine.
- Det programmet som som har ein fin balanse mellom det humoristiske og det særiøse (ikkje tiltenkt nyheitssendingar sjølvsagt)
- Det programmet som fengjer med god musikk, gode samtalar, aktuelle gjestar.
- Det programmet som tek opp aktuelle saker (ift. til kva målgruppe dei rettar seg etter), både humoristisk og meir alvorlig.

I dag fekk vi også høyre på forskjellige typar radioinnslag, for så å diskutere innhaldet deira; kva høyrer vi, kva virkning har det, kor er det innspelt (i studio eller ute i 'feltet'), lydeffektar osv. Dette var veldig greitt å halde på med, det gjorde med enda meir kjend med radio-verda.
I tillegg til dette gjekk vi i grupper og laga eit radioprogram sjølv(via fellessamtale og Pamela-opptak i Skype. Veldig enkelt å arbeide med!), der vi svarte på spørsmålet 'kva mogelegheiter og utfordringar har vi i forhald til medieproduksjon i skulen?' Og svaret vårt på det spørsmålet kan du høyre her (Særdeles uredigert vel å merke). Å lage radio er særs spennande og fult i mogelegheiter, absolutt noko som kan være givande i skulen. Det ideelle i såtilfelle hadde nok vore å gjere elevane fortruelige med dette verktøyet frå tidlig av, for å få betre resultat (med tanke på usikkerheit, ekkelt å høyre eiga stemme, fnising osv.) Ein annan ting som er greitt å ha i orden i slikt arbeid er utstyret.

tirsdag 6. januar 2009

Hensyn. Note to self.

Har gått igjennom leksjonen om Hensyn.
Vi som gjekk 101 før jul, har hatt både denne forelesinga, og dens oppgåver før. Her kan du sjå svaret på oppgåvene.