Forelesing: Digital Arena 2
Har laga min første bildevisingsfilm med bileter frå nærområdet der eg bur på Vallabøen i Ørsta. Sjå filmen her.
Har også geotagga filmen, og dei andre bileta på Picasa'n min. Det er heilt klart meir spennande å kike på bileter om ein samstundes kan få sjå på kartet kor dei er tekne. Heile albumet ser du her.
Både barn og unge kan enkelt meistre å lage slik bildepresentasjon i Picasa. Det er monge mogelegheiter, og dei er ikkje vanskelig å finne ut av heller. I ein slik filmpresentasjon kan elevane til dømes:
- Presentere eit prosjekt, til dømes om ein plass, ein person, ein plantesort, eit land etc. Det er enkelt å legge til tekst til kvart bilete.
- Legge til musikk eller sin eigen tale til bildefilmen.
- Lage filmar frå heimplassen sin, tagge den, og dele med andre klasser i andre land. Og vice versa.
- Filmforteljing i Picasa kan enkelt bli eit supplement i oppgåver i alle fag i grunnskulen. Det gjeld berre å bruke fantasien!
torsdag 5. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar