onsdag 18. februar 2009

I startgropa med M2 102

Siste veka har vi i gruppa hatt 2 møter der vi har diskutert kor vi kan tenkje oss å dra i land M2- Verktøy for arbeid med sammensatte tekster.
Vi har komt fram til tema og undertema, korleis vi ser føre oss gangen i prosjektet, årstrinn, gruppeinndeling, verktøy, innlevering, samarbeid mellom elevane osv. Vi har egentlig komt fram til det meste no. Etter sist møte (i går) vart vi einige i å summe nokre dagar på kva topic'ar vi bør ha med i oppgåva, deira rekkefølge osv (dette så det skal bli mykje enklare med samskrivinga, då vi har tenkt å samskrive oppgåva i google docs), for så å møtes neste veke å bli einige i gangen i oppgåva (i mellomtida diskuterer vi og legger ut relevante kjelder o.l. i google docs).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar