tirsdag 28. april 2009

Eksamen 104: Nettavis

Hvordan produsere ei aktuell nettavis som kan gjere lærarar meir bevisst på barn og unge sine digitale vanar?

Da er vi i gong med det endelige som skal inn til eksamen, nemlig ei vidareutvikling av nettavis, som vi laga i A2. Denne gongen er vi meir bevisst på kven vi vil nå, om med kva, og deretter vert innhaldet i avisa meir 'stabilt' og aktuelt enn forige avis, vil eg tru. Eg har blant anna laga ein enquete ein gong til, berre at denne gongen er den meir aktuell til avisa sitt innhald, og ellers har eg med bileter av dei intervjua + meir detaljerte svar. Altså ei klar forbetring frå forige enquete eg laga. Eg prøver meg også på sjangeren Anmeldelse. Dei andre på gruppa verkar også til å ha gode og relevante idear for artikar, så dette lovar bra. Vi prøver å vise og ha med så monge forskjellige avissjangerar som mogeleg. Ellers er det ymse løysingar og slikt som også vert forbetra, og litt anna nytt og spennande skal kome inn;)

mandag 20. april 2009

A3 i boks

Forelesing: A3 Videoproduksjon

Her ser du videoen til gruppe 2.
Vi på gruppe 2 spurte om vi kunne få gjere denne oppgåva i lag, sånn at eg og Marita (med magar, og no med babyar) skulle værte sikra at vi skulle få gjort denne oppgåva, så vi fekk ta eksamen. Vi har atter en gong jobba godt i lag, og er no i havn med alle arbeidskrava.
Denne gongen har vi laga film, der vi tok utgangspunkt i oppgåveteksta's filmalternativ 1:
Person A møter Person B. A ønsker å gi en gjenstand til B, som enten B avslår eller tar i mot. B ombestemmer seg, og gir enten gjenstanden tilbake eller tar den imot. Eleven føler seg utilpass på skulen, grunna ein lærar som held lite motiverande undervising, og i tillegg er krass og sint. Læraren prøver å gi eleven det læraren sjølv trur er god undervising. Eleven klarer ikkje få utbytte av denne undervisinga, sidan både undervisinga og læraren er lite motiverande. Dette vert ekstra godt framheva i filmen, i det læraren (A) gir eleven (B) eksamensoppgåva, eleven tek i mot og prøver så vidt å løyse oppgåvene, men ser fort at han får det ikkje til, og hiv frå seg papira. Utfallet blir at eleven får ikkje til å lære, og stryk på eksamen.

torsdag 9. april 2009

onsdag 8. april 2009

Ei dårlig kjelde, og ei god kjelde ... allaboutexplorers vs. enchantedlearning

Forelesing: Informasjonskompetanse 3

Kjeldekritisk vurdering av allaboutexplorers.com (og enchantedlearning.com)
Det slår meg ganske raskt at det er mykje feil i informasjonen om dei forskjellige utforskarane, men det er lett å ta det som står her for 'god fisk'. Det er godt skrive, og spanande lesing, men desverre for mykje feilopplysningar. Det står ikkje kven som er forfattar på denne sida, kven som driv en etc., noko som også er med på at eg tek denne sida mykje mindre særiøst.

Elevane blir bedne om å svare på spørsmål, og finne svara på disse sidene:
http://www.enchantedlearning.com/explorers/page/c/columbus.shtml
http://allaboutexplorers.com/explorers/columbus.html

Den siste lenka her, er til sida eg meiner det er mykje feilopplysningar på, og eg ikkje tek særiøst i det heile. Den første lenka er til ei side som er mykje meir truverdig; Dei har privacy policy, kan ta kontakt på epost, informasjon om kven som driv sida, kan bli medlem i Enchantedlearning etc. Og ikkje minst så er opplysningane i faktane om f.eks. Christopher Columbus korrekte!

Korleis bruke sidene til å lære elevane om kjeldekritikk
Eg ville brukt nettstaden allaboutexplorers, til å lære elevane om kildekritikk- ved å presantere dei for sida, og diskutere kva som gjer denne sida så lite truverdig (både via feil-opplysning og at ingen forfattar er nevnt etc.). Eg ville også vist elevane denne sida, opp i mot faktasidene på Enchantedlearning, for å vise dei kva som er forskjellen på det som er ei dårlig side å hente fakta fra, og kva som kan være døme på ei god side å hente fakta fra.

onsdag 1. april 2009

Den store reisen: eit spel for å auke elevens informasjonsferdigheiter

Forelesing: Informasjonskompetanse 3

”Den Store Reisen” er eit spel som er til for å auke elevens informasjonsferdigheiter på nettet innanfor ein faglig samanheng- samfunnsfag, geografi og historie. Eg har prøvd spelet, har svart på spørsmåla fra episode 1:

I hvilken by befinner Torvald seg? Nairobi
Hvilken by reiser Torvald til? Washington D.C.
I hvilken by befinner Tine seg i? Tromsø
Hvilken by reiser Tine til? Reykjavik
Hvilken elv skal Torvald passe seg for? Mississippi
Hvor finner han det blå rommet? Det Hvite hus
Hva er det femkantede bygget? Pentagon
Tine skal se på en Heitapott. Hva er det? Utendørsbad
Hva er den gyldne sirkel? Thingvellir nasjonalpark
Hvilke fag kan du ta ved Globalskolen? Norsk, samfunnsfag og RLE

Jan Arve Overland spør oss deretter; På kva måte kan eit slikt nettspel styrke elevanes informasjonskompetanse?

Her var det mykje informasjon i teksta, og mellom linjene, så det var berre å være obs på ting som kunne gi oss ein ledetråd om kor dei beheldt seg, kor dei skulle, kva dei skulle osv. Ein må eigentlig søkje seg fram på internett, og bruke dei ledetrådane ein får undervegs i kvart kapittel, til å lage ein samanheng, og få eit svar på spørsmåla som blir stilt. På denne måten vert elevens søkjerkompetanse betydelig styrka; dei må bruke ulike typer kjelder, gode søkjestrategiar, og dei lærar meir om korleis internett er bygd opp. Dei lærer om korleis søkjemotorane fungerar, og deretter korleis ein får det beste ut av dei. Elevane må også være kritisk til kva og kor dei finn svar på spørsmåla- være sikker på at svaret er korrekt. Elevane må altså vurdere kva type nettside er dette, er dette ei god side, som gir meg det rette svaret på det dei lurer på. Eg leita for eksempel etter svar på det siste spørsmålet, på http://www.globalskolen.no/ -> Gjekk direkte til kjelda.

tirsdag 24. mars 2009

Privat nav på nettvibes

Forelesing: Informasjonkompetanse 2

Har oppretta eit personlig informasjonsnav på Netvibes.
Eine sida er av faglig relevant innhald (til DKL102 og DKL104), medan den andre er av privat innhald; blant anna hotmail, facebook, lokale nyhender og lokal værmelding. Ser særs stor nytte i å samle slikt på ei side på nett! Og spesielt kjekt at det er så mykje forskjellig ein kan leggje til på Netvibes. Absolutt eit pluss i boka her, frå meg!
No er det full jobbing med M3-navet.

fredag 20. mars 2009

Videoproduksjon

Forelesing: Videoproduksjon

I går og i dag har vi jobba med videoproduksjon saman med Carl og Fride. Eg hadde desverre ikkje anledning å bli med på heile forelesinga i går, men vart godt motteke av Elena og René da eg var tilbake på forelesinga i dag. Dei hadde laga eit spanande manus, som vi bygde vidare på da vi kom ut i 'feltet' og starta filme. Hovudpoenget i manuset deira vart vel med heile vegen, det var vel heller kameravinklar og andre uttrykk som først kom til fantasien i det vi heldt på med filminga. Det var veldig lærerrikt å prøve det ein berre har lest om i forelesingane, og eg lærte ein del av Elena som kunne det med kamera frå forelesinga torsdag. Redigeringa var veldig spanande den også- og det er jo fantastisk kor bra det kan bli bare med små, kritiske klipp og sånt her og der.
Til slutt såg vi på dei 3 gruppene sine filmar. Det var veldig lærerrikt den gjennomgongen vi hadde med vår refleksjon og lærarens syn på filmane. Skulle gjerne hatt meir tid til dette da, det hadde gjort seg.

Filmen vår- Graset er alltid grønare på andre sida.
Laga av Elena, René og Helene.

onsdag 18. mars 2009

Web 2.0- verktøy med pedagogisk potensiale

Forelesing: Informasjonskompetanse 2

Ut i frå dette 'kartet' skal eg i denne øvingsoppgåva fortelle om og reflektere om disse pedagogisk brukande verktøya.

Kva bruker eg i dag?
Egenprodusert lyd
Mindomo
Picasa
Flickr
Blogg
Google docs
(Rss)
Facebook

Kva har eg hørt om?Fet
Bortsett fra dei eg bruker, har eg hørt om: YouTube, Del.isio.us, FreeMind, Wiki, MySpace, Podcast.

Korleis kan dei brukast inn mot elevane si læring?

Nokre dømer:

Egenprodusert lyd
- Innspeling av oppgåvetekster, oppgåvesvar, intervju og anna faglig materiell osv. kan lett gjere for eksempel ei digital arbeidsmappe litt meir fleirfoldig.
-

Mindomo
- Digitale tankekart; Enkelt å lage, lett oversiktelig, og ein kan redigere dei på nytt og på nytt, og dei kan åpnast kor en ein kjem inn på internett. Alt er sjølvsagt mykje betre med tanke på lagring, om ein har konto på mindomo.
- Nokre kom på ein kunne like lett lage slekstreet sitt på Mindomo. Lurt!
- Stikkord-kart om ulike emner.

Picasa
- Bildedeling
- Lage bildeframvisningar/filmar
- Tagge bileter til staden dei høyrer heime
- Alle dei ovenfornevnte kan lett brukast i prosjekt der ein til dømes skal presantere heimplass for klassa eller for elevar frå andre land?
- Meir bevisstheit for lover rundt publisering

Blogg
- Ei faglig dagbok?
- Vise til arbeid og arbeidsgang
- Meir bevisstheit rundt lover og reglar ved å leggje ut bileter eit ikkje har teke sjølv
- Meir bevisst rundt personvern o.l.
- Gi respons og få respons.

Google docs
- Forelesingar og oppgåver på nett. Lett å oppdatere/ endre til ei kvar tid.
- Rekneark, skriveark, personlig nettstad, dele, få respons.

Rss
- Alltid oppdatert om aktuelle tema høvelig for den og den aldersgruppa eller innan det og det temaet.
- Ein lærar kan betre kontrollere kor elevar får informasjon frå.

Facebook
- Kan egentlig ikkje sjå noko faglig praktisk ved Facebook.

"Skolen bør satse på mediekritikk allerede i barneskolen" -Sanna Trygg, 2008

Forelesing: Informasjonskompetanse 1

Mi meining om Sanna Trygg's utsagn

Sosiale nettstadar som til dømes Google, Wikipedia og YouTube brukast av elevar langt nede på barnetrinnet. Barn og unge no til dags omgis av mediar over alt, og ikkje alle er like bevisst på kva dei begir seg ut på, verken gjennom nedlasting, opplasting, informasjonssøk og ikkje minst det å publisere informasjon på nettet sjølv.
Eg er enig i utsagnet til Trygg- skulen bør absolutt satse på konkret trening og støtte som vil fremje mediekritisk kompetanse blant elevane frå tidlig av. Det burde faktisk vore eit integrert og naturlig punkt i undervisinga. Eg meiner- nettet og dets ressursar er på veg å bli ein større og større del av undervisinga, og da burde mediekritikk også koblast opp i dette.

lørdag 14. mars 2009

Lok2 Nettavisen har fått kjøtt på beina!

Trykk på biletet for å kome til Nettavisa
Vi er stolte over å kunne presantere vår ultrakule og DKL-aktuelle nettavis til dykk alle!
Her har vi mange timar bak oss, både med å skrive artiklar innan avis-sjangrar, designe/oppsette nettsida og ellers generelt reklamere for kor IT-smarte vi blir på DKL! ^^,