tirsdag 3. mars 2009

Bridge construction set- Eit spel OG eit tankeverktøy

Forelesing: Tankeverktøy 2

I dette spelet skal ein byggje bruer over elvar o.l. Vi får (desverre?) berre ein viss sum å byggje for, og vi ser heile tida kor mye penger vi bruker. Ein kan lage ganske komplekse konstruksjonar. Eg har prøvd ut dette spelet aleine, då eg ikkje rakk siste delen av forelesinga den dagen på skulen. Eg ser føre meg at dette spelet er kjekkast om ein jobber i grupper, 2 eller fleire i lag. Då diskuterer ein seg saman fram til dei beste løysingane SAMAN, ved argumentasjon og råd frå kvarandre. Eg må innrømme eg sleit litt til å byrje med, korleis eg fekk bruke dei forskjellige byggeverktøya f.eks. Gjekk bra på nivå 1 og 2, men nivå 3 har eg ikkje prøvd enda. Det er perfekt for å hjelpe studentar i å jobbe meir praktisk om dei for eksempel lærer om bruer, eller andre typer konstruksjonar. Her får ein kritisk svar på om deira konstruksjonar er godt nok bygd- for om dei ikkje er, så dett dei rett sammen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar