onsdag 4. mars 2009

Felles design/layout på nettsidene mine

Forelesing: Design

Har endelig tatt til og gjort alvor av planane eg fekk etter forelesingane i Design. Har prøvd å få meg ein sånn der visuell identitet som Jeanette Persson snakka om i Design1. Har lurt litt på korleis eg skal lage ei felles utforming/design for dei no 3 nettstadane eg opererer på : Blogspot, Google Site og WordPress.

Den raude tråden mellom sidene mine er den gråtona layout'en, den minimalistiske designen og det felles bildet og skrifta på headeren (som forøvrig- på ein nok så abstrakt måte, er avbilda ansiktet mitt, noko eg følte var viktig, for å setje min identitet og preg over det heile, både ved mitt ansikt, og min smak)

Det er ikkje tvil om at disse sidene høyrer til meg, og høyrer på ein måte saman. Føler eg har oppnådd det eg ville med å lage eit enkelt, fengjande og personlig uttrykk, samstundes som det skal være sider som er enkle å manøvrere seg at og fram på for kven som helst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar