Forelesing: Videoproduksjon
I går og i dag har vi jobba med videoproduksjon saman med Carl og Fride. Eg hadde desverre ikkje anledning å bli med på heile forelesinga i går, men vart godt motteke av Elena og René da eg var tilbake på forelesinga i dag. Dei hadde laga eit spanande manus, som vi bygde vidare på da vi kom ut i 'feltet' og starta filme. Hovudpoenget i manuset deira vart vel med heile vegen, det var vel heller kameravinklar og andre uttrykk som først kom til fantasien i det vi heldt på med filminga. Det var veldig lærerrikt å prøve det ein berre har lest om i forelesingane, og eg lærte ein del av Elena som kunne det med kamera frå forelesinga torsdag. Redigeringa var veldig spanande den også- og det er jo fantastisk kor bra det kan bli bare med små, kritiske klipp og sånt her og der.
Til slutt såg vi på dei 3 gruppene sine filmar. Det var veldig lærerrikt den gjennomgongen vi hadde med vår refleksjon og lærarens syn på filmane. Skulle gjerne hatt meir tid til dette da, det hadde gjort seg.
Filmen vår- Graset er alltid grønare på andre sida.
Laga av Elena, René og Helene.
fredag 20. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Knallfilm! Ikke noe å si på innsatsen i alle fall :)
SvarSlett