Forelesing: Medieproduksjon
I dag har vi hatt ei spennande og kjekk forelesing med Torbjørn Frantsen om radio og korleis ein kan nytte dette i forskjellige sjangrar (lydfortellingar, fiksjonsfortelling, aktualitetsfortellingar) i skulen. Vi diskuterte blant anna kva som kjenneteikner eit godt radioprogram. Nokre av dei tinga eg synes gjer eit radioprogram til eit godt radioprogram er:
- Det programmet som klarar å formidle stemning på ein slik måte at lyttaren sjølv lager bilda i tankane sine.
- Det programmet som som har ein fin balanse mellom det humoristiske og det særiøse (ikkje tiltenkt nyheitssendingar sjølvsagt)
- Det programmet som fengjer med god musikk, gode samtalar, aktuelle gjestar.
- Det programmet som tek opp aktuelle saker (ift. til kva målgruppe dei rettar seg etter), både humoristisk og meir alvorlig.
I dag fekk vi også høyre på forskjellige typar radioinnslag, for så å diskutere innhaldet deira; kva høyrer vi, kva virkning har det, kor er det innspelt (i studio eller ute i 'feltet'), lydeffektar osv. Dette var veldig greitt å halde på med, det gjorde med enda meir kjend med radio-verda.
I tillegg til dette gjekk vi i grupper og laga eit radioprogram sjølv(via fellessamtale og Pamela-opptak i Skype. Veldig enkelt å arbeide med!), der vi svarte på spørsmålet 'kva mogelegheiter og utfordringar har vi i forhald til medieproduksjon i skulen?' Og svaret vårt på det spørsmålet kan du høyre her (Særdeles uredigert vel å merke). Å lage radio er særs spennande og fult i mogelegheiter, absolutt noko som kan være givande i skulen. Det ideelle i såtilfelle hadde nok vore å gjere elevane fortruelige med dette verktøyet frå tidlig av, for å få betre resultat (med tanke på usikkerheit, ekkelt å høyre eiga stemme, fnising osv.) Ein annan ting som er greitt å ha i orden i slikt arbeid er utstyret.
torsdag 29. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar