fredag 30. januar 2009

Podcasting

Forelesing: Lydproduksjon

Etterfulgt av forelesinga om Radio og medieproduksjon i skulen, har vi i dag arbeidd med podcasting, og korleis legge dei ut på google-nettsida, for så å lenke til dei her i bloggen, og til slutt kunne lagre og åpne denne lydfila i Itunes (bli podcast).

Slik skal det bli mogeleg:
1) Spele inn ei lydfil
2) Evt. redigere lydfila i Audacity
3) Lagre lydfila som Mp3
4) Laste opp denne fila til filarkivet på google-nettsida. (For å få filarkiv gå på Opprett ny side-> filarkiv. Det er nemlig berre her det går an å laste opp lydfiler.)
5) Høgreklikk på lydfila og gå til 'Egenskaper'. Kopier adressa som kjem opp her og legg koblinga i bloggen. No skal du kopiere Feed-adressa til dette innlegget og legge til i FeedBurner.
6) Kopier den nye adressa du da får og lim inn i Itunes ('Avansert' -> 'Abonner på ny podcast).
Eg har enda ikkje gjort dette, då det ikkje ville gå på maskina eg hadde på skulen, men no skal eg laste ned Itunes til Pc'n min her heime så det blir orden på dette.
7) Google nettsida må være åpen for heile verda for at Itunes skal ta lydfila.

Her kan du høyre gruppe 2 si fantastiske lydfortelling (midlertidig berre lagt ut på google-nettsida).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar