Forelesing: A3 VideoproduksjonHer ser du videoen til gruppe 2.
Vi på gruppe 2 spurte om vi kunne få gjere denne oppgåva i lag, sånn at eg og Marita (med magar, og no med babyar) skulle værte sikra at vi skulle få gjort denne oppgåva, så vi fekk ta eksamen. Vi har atter en gong jobba godt i lag, og er no i havn med alle arbeidskrava.
Denne gongen har vi laga film, der vi tok utgangspunkt i oppgåveteksta's filmalternativ 1:
Person A møter Person B. A ønsker å gi en gjenstand til B, som enten B avslår eller tar i mot. B ombestemmer seg, og gir enten gjenstanden tilbake eller tar den imot. Eleven føler seg utilpass på skulen, grunna ein lærar som held lite motiverande undervising, og i tillegg er krass og sint. Læraren prøver å gi eleven det læraren sjølv trur er god undervising. Eleven klarer ikkje få utbytte av denne undervisinga, sidan både undervisinga og læraren er lite motiverande. Dette vert ekstra godt framheva i filmen, i det læraren (A) gir eleven (B) eksamensoppgåva, eleven tek i mot og prøver så vidt å løyse oppgåvene, men ser fort at han får det ikkje til, og hiv frå seg papira. Utfallet blir at eleven får ikkje til å lære, og stryk på eksamen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar