onsdag 18. mars 2009

"Skolen bør satse på mediekritikk allerede i barneskolen" -Sanna Trygg, 2008

Forelesing: Informasjonskompetanse 1

Mi meining om Sanna Trygg's utsagn

Sosiale nettstadar som til dømes Google, Wikipedia og YouTube brukast av elevar langt nede på barnetrinnet. Barn og unge no til dags omgis av mediar over alt, og ikkje alle er like bevisst på kva dei begir seg ut på, verken gjennom nedlasting, opplasting, informasjonssøk og ikkje minst det å publisere informasjon på nettet sjølv.
Eg er enig i utsagnet til Trygg- skulen bør absolutt satse på konkret trening og støtte som vil fremje mediekritisk kompetanse blant elevane frå tidlig av. Det burde faktisk vore eit integrert og naturlig punkt i undervisinga. Eg meiner- nettet og dets ressursar er på veg å bli ein større og større del av undervisinga, og da burde mediekritikk også koblast opp i dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar