Forelesing: Informasjonskompetanse 3
Kjeldekritisk vurdering av allaboutexplorers.com (og enchantedlearning.com)
Det slår meg ganske raskt at det er mykje feil i informasjonen om dei forskjellige utforskarane, men det er lett å ta det som står her for 'god fisk'. Det er godt skrive, og spanande lesing, men desverre for mykje feilopplysningar. Det står ikkje kven som er forfattar på denne sida, kven som driv en etc., noko som også er med på at eg tek denne sida mykje mindre særiøst.
Elevane blir bedne om å svare på spørsmål, og finne svara på disse sidene:
http://www.enchantedlearning.com/explorers/page/c/columbus.shtml
http://allaboutexplorers.com/explorers/columbus.html
Den siste lenka her, er til sida eg meiner det er mykje feilopplysningar på, og eg ikkje tek særiøst i det heile. Den første lenka er til ei side som er mykje meir truverdig; Dei har privacy policy, kan ta kontakt på epost, informasjon om kven som driv sida, kan bli medlem i Enchantedlearning etc. Og ikkje minst så er opplysningane i faktane om f.eks. Christopher Columbus korrekte!
Korleis bruke sidene til å lære elevane om kjeldekritikk
Eg ville brukt nettstaden allaboutexplorers, til å lære elevane om kildekritikk- ved å presantere dei for sida, og diskutere kva som gjer denne sida så lite truverdig (både via feil-opplysning og at ingen forfattar er nevnt etc.). Eg ville også vist elevane denne sida, opp i mot faktasidene på Enchantedlearning, for å vise dei kva som er forskjellen på det som er ei dårlig side å hente fakta fra, og kva som kan være døme på ei god side å hente fakta fra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar