Forelesing: Samansatte tekster 2No har eg utforska Xtranormal. Trykk på bildet for å sjå min første animasjon.
Vidare utforsking av Xtranormal: Først og fremst vil eg kunne tåre påstå at Xtranormal har absolutt flest mogeleheiter til bruk i faget Engelsk (eller tysk eller fransk- som også går godt i Xtranormal), i form av (nokså genuine) samtalar, interaktive forelesingar, oppgåver og oppgåvesvar. Eller gjerne kombinert med musikk og/eller drama, til eit teater eller dramatisering av eit dikt, ei novelle osv (men IKKJE på norsk, nei). Dei høyres nok litt ut som robotar disse skodespelarane, men uttalelsane blir faktisk overraskande bra, og ord for ord blir engelsken uttalt tilfredsstillande korrekt ut i frå mi meining (Ja, så lenge du veit dine engelske GLOSER skal uttalelsen til skodespelarane bli bra). Dette er absolutt noko eg ville tatt i bruk (i alle fall eksperimentert med og prøvd) med eigne elevar i ein søken etter ’den gode uttalelse og samtale’ eller ’nye måtar å framføre diktet/forteljinga si på’ i engelsk. Sjølvsagt bør ikkje dette erstatte alt av ekte kommunikasjon og dialog elevane bør føre seg i mellom i engelsk, men.. sjå mogelegheita for å supplementere litt, kanskje? Her ser du ein film eg laga om denne saken. Brukaren Stephanrinke på Xtranormal snakkar også om nettopp dette i filmen Scripted Movies in Language Teaching.
Etter å ha registrert seg på Xtranormal, kan ein lage filmar med ein eller 2 skodespelarar i. Dei kan gjere monge forskjellige bevegelsar, ansiktsuttrykk, samtalar (engelsk, tysk eller fransk), være i forskjellige rom, du kan velje korleis dei skal sjå ut og om du vil ha bakgrunnslyd eller musikk med.
Eg vil seie at Xtranormal har visse begrensningar først og fremst når det gjeld i kva samanheng ein kan bruke det. Ikkje kan ein leggje inn eigen musikk og ein kan (bør!) berre snakke på engelsk. Som Kjell sa, så er litt av greia med dette studiet å kunne SJÅ NÅR TID det og det kan passe seg ift. Læring, og når ein applikasjon kanskje ikkje bør være i biletet. Her er mitt eksempel på korleis ein ikkje bør satse på at Xtranormal blir til noko nytte …
Og ikkje minst får dei være kreative og faglige gjennom digitalt arbeid! Hurra!
Begrensningar / Konklusjon: Vel, bortsett frå den nesten sjølvsagte begrensninga til å føre samtalar i engelsk, så er det eigentlig LITT irriterande å ikkje få laste filmane ned på maskina. Elles må eg seie meg- om ikkje fullt imponert- i alle fall veldig interessert i dei artige små mogelegheitene for eit engasjerande og nytt supplement i språkundervising som eg ser i denne applikasjonen. Og den er absolutt enkelt å bli kjent med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar