Har gjort meg kjend med programmet Comic Life, som er meint for å lage teikneseriar med; og ein kan raskt og enkelt lage underhaldande teikneseriar ved å bruke til dømes snakkebobler, redigere inn bilda, legge til artige og fargerike fontar, og setje den fargen du vil på det heile. Ein han også lage refererbare storyboards og scenarie. Det var overraskande lett å lage til teikneserierutene akkurat slik ein vil ha dei (om ein ikkje vil ha ein av dei ferdige malane), legge inn bilder, setje inn snakke- og tenkebobler mm.
Comic Life i skulen
Barn og unge bruker meir og meir tid blant medier, og det gjer at vi som lærarar må sjå mogelegheiter (både i form av læring og engasjement) i forskjellige medier til bruk i dei aller fleste fag, meiner eg. Å lage teikneseriar er morosamt, det er det ikkje vitsen å legge skjul på! Eg synes det har vore kjempeartig å prøvd ut og leika meg i Comic Life. Ein får brukt fantasien sin, sjå utradisjonelle mogelegheiter, fortelle på nye måtar, utforske mogeleheiter, setje personlig preg å det, og ikkje minst jobbe med samansette tekster på ein ny måte.
Kva eg ser på som fordelar med teikneserier i skulen:
- Meir interessant å lese enn reine tekstscenarier.
- Ein ny måte å lage ei samansett tekst på.
- Raske og enkle og lage.
- Mogelegheiter for forskjellig bruk i ulike fag.
- Enklare å sjå forskjellige løysingar på problem.
Comic life- ei samansett tekst
Ei samansett tekst er når ein kombinerer skrift, bilde, lyd og/eller video. Og i læreplanen i norsk står det blant anna:
Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster. Å kunne lese en sammensatt tekst dreier seg om å finne mening i helheten av ulike uttrykksformer i teksten.
1-2. årstrinn: uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser.
3-4. årstrinn: bearbeide digitale tekster og drøfte virkningene
10. årstrinn: bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster. (Udir 2006)
Comic Life i Norsk
Eleven skriv eit scenarie, men arbeider vidare med det via å setje det over til å bli ein teikneserie (i tekst, bilder/teikningar). Evt. kan elevane no reflektere over kva uttrykk/ virkning forteljinga får i det den blir meir illustrert. MEN, eg føler ikkje at ein kan begrense dette berre til norskfaget, men eg ser eg til dømes korleis Comic Life også kan bli ei spanande samansett tekst til dømes i ...
(Kunst) historie
Og korleis Comic life kan gjere ei platt og kjedelig tekst om Pablo Picasso om til noko, ja, heilt anna enn kjedelig!

Så lenge eg hugser, så har elevane (i alle fall på Ytre Herøy ungdomsskule) i 9.klasse fått i oppgåve å skrive om favorittartisten/favorittgruppa si i MUSIKK. Eit spanande, engasjerande og muligheitsfullt verktøy i denne samanhengen vil nok atter ein gong være Comic Life. For det som er så greit med Comic Life, er at det treng ikkje strengt tatt være ein teikneserie. Det er så mange andre måtar ein kan utforme denne sida på, at det er eigentlig berre fantasien som set grenser (og sider kan man lage så mange man vil av). Nedom her ser du min presentasjon av min favorittartist: MORRISSEY
_______________
Udir (2006) Dei fastsatte læreplanane i Norsk. Lasta ned fra: http://www.utdanningsdirektoratet.no/templates/udir/TM_Læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=710976&visning=5&sortering=3&hoid=710979
Google LIFE photo archive: http://images.google.com/hosted/life
Flicr Creative Commons: with the Creative Commons Attribution-ShareAlike License: http://www.flickr.com/search/?q=morrissey&l=5
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar