fredag 13. februar 2009

Leiking med lyd i Acid Express

Forelesing: Samansette tekster 2

Her kan du høyre resultatet av mitt første møte med Acid Express.






Acid express er ein gratisversjon av det større og profisjonelle lydredigeringsprogrammet Acid. Express’en let en komponere låta gjennom å komponere dei monge ferdiglaga musikkelementa en kan laste ned frå same plass, som heite Acid Xpress 8pack loops.
Det er vel ’loop’ing’ som er mest kjend med Acid Express. Ein broka gjerne en og fleire av dei monge loop’sa som er i 8pack’en. Det er berre å drage dei frå mappa og inn i sporvinduet, kor du kan redigere dei som du ønsker; drage den så den repiterer seg, eller drage den så den spelar ein tone lengre, auke eller redusere farta, justere toneart, klippe vekk lydar, jobbe i fleire spor (dei vil automatisk bli tilpassa tempo og spele i takt for det) osv.

Fleire loops og lydar: Visst ein finn ein loop eller andre passande lydar på nettet (det er monge nettstadar du kan laste ned gratis. Søk fx. ”loops”) som passa i stilarten er det bare å drage den også inn i Acid. Ein kan sjølvsagt også legge inn si eiga stemme, men så vidt eg har forstått så går ikkje det an å spele inn stemma si i Acid, slik vi gjorde i Audacity.

Acid i skulen: Eg ser føre meg at Acid Express kan verte til bruk først og fremst i musikkfaget, der det i følgje dei fastsatte læreplanane (UFD 2006) blant anna seiast at å kunne bruke digitale verktøy i musikk dreier seg om utvikling av musikkteknologisk kompetanse knyttet både til lytting, musisering og komponering. I musikkfaget inngår blant annet bruk av opptaksutstyr og musikkprogram for å sette sammen og manipulere lyd til egne komposisjoner. I denne sammenheng inngår også kjennskap til kildekritikk og kunnskap om opphavsrett knyttet til slik bruk av musikk. (UFD 2006). Etter 7. årstrinn i musikk seiast det at elevane skal kunne komponere og lage lydopptak ved hjelp av digitale verktøy, og etter 10.årstrinn skal elevane kunne improvisere over eit eksisterande musikalsk materiale som inspirasjon for eigen komposisjon, og kunne bruke digitalt opptaksutstyr og musikkprogram til å manipulere lyd og lage eigne komposisjonar. Synd er det at ein ikkje kan spele inn lydar her ...
Acid kan også brukast i arbeid med samansette tekster, men då i form av sjølve lyden og musikken, då det ikkje går an å spele inn stemme o.l. i Acid (så klart kan ein overføre stemmelyd frå eit opptat i Audacity fx.) Etter 4. årstrinn står det at ein skal kunne lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde. Etter 7. årstrinn skal ein kunne bruke (song og-) musikk i framføringar og presentasjonar. Etter 10. årstrinn skal elevane bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster

Konklusjon av brukbarheit: Vel, det er enkelt og greitt å jobbe i Acid (Når ein først har forstått det), og vidare har eg eigentlig ikkje so mykje meir å sei om akkurat den saken, for eg føler eg har gjort alt dette (-og litt til) i Audacity frå før- men då på ein enda enklare måte, og med enda fleire mogelegheiter. Eg kan altså ikkje heilt sjå kvifor vi skulle bli introdusert for dette lydredigeringsverktøyet også (Spesielt sidan eg ser so mykje meir mogelegheiter for Audacity både for min eigen del, og til bruk i skulen). Kanskje for å finne sitt smak og behag? Eg smaker i sotilfelle heller på Audacity.

_______________

UDF (2006) De fastsatte læreplanene for kunnskapsløftet, Undervisnings- og Forskningsdepartementet. Oslo [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/templates/udir/TM_Tema.aspx?id=148 [Lasta ned 16.02.09]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar