torsdag 15. januar 2009

Wesch vs Selwyn

Forelesing: Sosial Web

Antropologen Michael Wesch og sosiologen Neil Selwyn sine syn på læringspotensiale og sosial web.


Michael Wesch er veldig open til bruk av sosial web- og han synes at ein bør tillate sosiale nettverkstenester i klasserommet; bruk av bærbar PC, iPod og mobiltelefonar er døme på dette. Han ønsker at nettverkstenestane skal verte ein del av læringa i skulen. Han merker at studentane ikkje berre ønsker å motta informasjon, men at dei også ønsker å utveksle informasjonen, dermed synes Wesch det er viktig å få elevane til å debattere; det er sosialt, ein ny måte å tilleigne seg kunnskap, og ikkje minst er det engasjerande.

Neil Selwyn er ganske ulik i tenkinga enn Michael Wesch. Han er ikkje så veldig liberal (-men heller meir skeptisk) til bruk av sosial web i undervisinga, og meinar at det vert altfor uformelt. Internett er eit godt verktøy seier han, men at internett ikkje har noko å gjere for seg i den formelle undervisinga på skulen, då det her bør være meir strukturert. Uformell læring og bruk av digitale nettenester kan kvar einskild elev ta eige ansvar for, seier han. Selwyn meiner at om bruken av sosiale programvarer skal være meiningsfulle, så må lærarane vite akkurat når, korleis og kvifor det kan passe seg å ta det i bruk i undervisinga. Lærarane bør også ha tilstrekkelig erfaring ved bruk av dei forskjellige sosiale web før dei tek det i bruk i undervising med elevane sine.

Alt i alt så ser Wesch mogelegheitene for å nå elevane- korleis dette kan gi meirverdi i undervisinga, medan Selwyn ser på sosial web hovudsakelig berre som noko sosialt, samstundes som han seier at om det skal være ein del av undervisinga så må det være meiningsfult og ha ei klar meining for kvifor det er med i undervisinga.

Eg forstår både Wesch’s og Selwyn’s meiningar om denne saken, men må sei eg ser meg mest einig i Wesch’s argument for bruk av sosial web i undervisinga, MEN at ein (som Selwyn legg trykk på) også må passe på at det får ei klar meining føre seg også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar