søndag 18. januar 2009

Tankekart

Forelesing: Tankeverktøy

Et tankekart er en visuell oversikt over tanker og ideer. Det kan du bruke når du skal lage en disposisjon til for eksempel en tekstoppgave, et foredrag eller en hvilken som helst annen oppgave. Det kan også være et nyttig hjelpemiddel når du skal lære deg nytt fagstoff. (Norsk nettskole http://www.ressurssidene.no/view.cgi?&link_id=0.1269.3644&session_id=-2)

Første oppgåve som gruppe på DKL102 skulle vi lage eit tankekart på Mindomo. Vi som hadde 103 før jula har jobba med dette før, men det var ganske greitt å få jobba meir med det no, då eg ikkje fekk heilt dreisen på det før jul.
Ved hjelp av tankekart på mindomo skulle vi skrive nokre stikkord om bruk av Sosial Web. Det kunne til dømes være korleis dei fungerar under samarbeid, deling, geo-merking, dialog/respons, bilde og forteljingar og android programvare (web'en på mobil). Trykk her, så ser du korleis tankekartet vårt vart.
Eg meiner at digitale tankekart er lett å anvende for elevar på alle trinn. På papir kan tankekart lett verte ein haug med skribleri, men på mindomo er det lett å organisere tankane på ein oversiktelig måte; skrive kortare eller lengre notatar, legge inn bileter og filmar, setje inn lenker osv.
Denne oppgåva hadde sopass med diskuterings- og ytringspotensiale at den fungerte bra som ei første oppgåve med ei ny gruppe. Vi diskuterte ivrig alle sammen, så eg trur dette lovar bra.

Andre nyttige tankekartsider:
FreeMind tankekart: http://www.google.com/url?q=http%3A%2F%2Ffreemind.sourceforge.net%2Fwiki%2Findex.php%2FMain_Page&sa=D&sntz=1&usg=AFrqEzetOXCmFdrkz7z8Y0T0zrC3s9ecFw
Cmap tankekart: http://www.google.com/url?q=http%3A%2F%2Fcmap.ihmc.us%2Fdownload%2F&sa=D&sntz=1&usg=AFrqEzf52Fvrm3xwkJnEKVkPzbM2ku27cQ

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar